Vi er personale som ser og anerkjenner barna, vi syner gjensidig respekt for kvarandre ved å være gode rollemodellar. Vi legg til rette for inkluderande miljø der det er plass til alle, det handlar om tilhøyrigheit, at alle barn vert sett og anerkjent, alle er verdifulle.
Blogg
-
Livsmeistring og helse
Vi gjev barna moglegheit til å etablere gode helsevanar, og gje dei moglegheiter og utfordringar utifrå individuelle behov. Barnehagen skal være ein trygg og utfordrande stad der vi vaksne førebygger og fremjar barna si fysiske og psykiske helse, der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.
-
Demokrati
Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap med vekt på demokrati, vi gjev barna moglegheit for å utvikle forståing for samfunnet og verda dei er ein del av. Barna skal medverke i barnehagens innhald,uavhengig av alder og funksjonsnivå.
-
Bærekraftig utvikling
Barna skal oppleve bærekraftig utvikling ved å ta vare på seg sjølv og naturen. Vi vaksne skal være gode rollemodellar som lærer barna å tenke kritisk og handle etisk. Barna skal få varierte naturopplevingar slik at dei blir glade i og opplever tilhøyrsle til naturen.
-
Barn og barndom
Vi er trygge vaksne som anerkjenner barna og ivaretek barndommens eigenverdi, vi legg grunnlag for eit godt liv, der barna utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner.
-
Likestilling og likeverd
Vi har fokus på at alle barn er like mykje verdt og likstilt i forhold til kvarandre. Personalet er bevisst sin rollemodellfunksjon og reflektere over eigne haldningar, for best mogleg kunne formidle og fremje likeverd og likestilling.
-
Danning
Omgrepet danning er eit svært sentralt og viktig omgrep og rommar mange aspekter i barnehagens kvardag. Danning knytast til barnets læringsprosessar, der barnet får muligheiter i lag med oss vaksne å praktiserer medverknad og demokrati. Prestebakken barnehage skal være ein plattform for danning til humanitet og demokrati. Vi skal være vaksne som oppmuntrar barna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda, og vi vil bidra til å legge grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Ved at barnehagen er med og fremmar positive samhandlingar og solidaritet vil ein kunne redusere avvising, mobbing og vald. Barna lærer gjennom opplevingar og erfaringar med kvarandre og med oss vaksne i barnehagen. For å danne eit godt ”danningsmiljø” i barnehagen er det viktig at kulturen i barnehagen er prega av felles verdiar og normer, eit trygt og godt fellesskap, demokrati, omsorg og medansvar I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for omgrepet danning i barnehagekvardagen.
-
Kommunikasjon og språk
Å arbeide med barnas språkutvikling er eit viktig arbeide i kvardagen vår. Barnas evne til å bruke språket er avgjerande for barnets kommunikasjon med andre barn og vaksne, det handlar om å forstå og gjere seg forstått, barna set ord på erfaringar, dei fortel om viktige ting, og dei klarar etterkvart å reflektere i lag med andre barn og vaksne. Språk er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og venskap. På lengre sikt er språkutviklinga avgjerande for å kunne være ein deltakar i moderne demokrati og i eit kunnskaps og utdanningssamfunn. Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. I barnehagar for samiske barn i samiske distrikt skal barnehagen fremje den samiskspråklege kompetansen til barna. (Rammeplan, 2017) I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for kommunikasjon og språk i barnehagekvardagen.
-
Leik
Vi i Prestebakken barnehage ynskjer å skape eit stimulerande læringsmiljø der barna kan utforske verden gjennom leik og samspel med barn og vaksne. Personale skal legge til rette for at miljøet i barnehagen skal støtte opp om barnas lyst til å utforske, leike, lære og meistre, dette ved å introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materialer osv. Barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennast, stimulerast og leggast til grunn for deira læringsprosessar. Barna skal få undersøke, oppdage og forstå sammenhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Den beste læring skjer ved å erfare i lag. Det er læring i alle gjeremål, enten det er leik eller slik som her ved å få hjelp til å brette opp erme før handvask. I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for læring i barnehagekvardagen.
-
Læring
I rammeplanen under natur og miljø står det at barna skal få kjennskap til samisk språk, kultur og tradisjon knytt til nasjonale minioritetar, herblandt samefolket. Samefolket sin kultur og tradisjon er ein minioritet som vi markerer i barnehagen. Det at barnehagen tideleg syner barna møte med ulike kulturar og tradisjonar er viktig med tanke på respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper. Vi ynskjer å skape ein bevistheit om eigen kulturarv og delaktigheit i andres kultur, og på den måten bidra til forståing og toleranse for forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på. I Prestebakken barnehage har vi valt å formidle samisk kultur og tradisjon rundt samedagen 6 februar. I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for samisk kultur i barnehagen.