Kategori: Framside

  • Foreldresamarbeid Team-prestebakken

    Vi og dykk foreldre er eit team, eit lagteam. Saman er vi Team-Prestebakken 24/7.
    Saman skal vi gjere det beste for å fylle opp barnets relasjonskapital.

    Viktige moment for Team-Prestebakken 

    • Alle barn skal kjenne seg trygge og føle meistring, vi i Team-Prestebakken jobbar for dette. 
    • Alle barn skal ha ein god relasjon til dei vaksne, det oss vaksne i Team-Prestebakken som har ansvar for denne relasjonen. Team-Prestebakken tar dette felles ansvaret på alvor. 

    Alle barn skal vete kva forventningar, normer og reglar som skal følgjast, heime som i barnehagen. Vi skal være eit «venleg» gnagsår. Vi er trygge vaksne som rettleiar på ein god, venleg, inkluderande og trygg måte. 

    Alle barn skal være omgitt av personale og foreldre som framsnakkar kvarandre. Vi vil kvarandre vel. 

    Vi er vaksne som ser «bakanfor» atferd, og vi hjelper barna med å ta gode valg, vi gjev dei gode verdiar for godt samspel. Team-Prestebakken bygger opp barnas relasjonskapital. 

    Krenking føregår sjeldan der trygge vaksne bygger trygge gode læringsmiljø, der vi ser kvart barn, der vi bygger gode relasjonar basert på tryggheit og tillit. Team-Prestebakken er vaksne som tør å sjå, og tør å handle. Vi er barnas fremste og beste rollemodellar, vi er bevist våre holdningar og våre handlingar. 

    Team-Prestebakken tar vare på kvarandre 24/7.

    Saman er vi VI, og vi er Team-Prestebakken

  • Teikn til tale

    I barnehagen nyttar vi teikn til tale gjennom heile barnehagekvardagen. Teikn til tale er ein metode for språkstøtte der vi kombinerer talespråk i roleg tempo med eit eller fleire teikn som støtte. Med teikn til tale kan barna både både sjå, høyre og uttale ordet. Teikn til tale er ikkje eit eige språk men ein metode i barns språkopplæring. Vi kommuniserer med tale saman med kroppsspråk, mimikk og gestar, vi brukar teikn som gjev meining til ordet. Teikn til tale er særs viktig for barna som treng det, og vi ser og at det er ei god støtte språklæring for alle barn. Vi setter teikn til songar, eventyr og daglegtale. For barn som ikkje har utvikla språket har teikn til tale stor nytteverdi. Kvar veke har vi ulike nøkkelord, desse vert teiknsett og vi deler desse med foreldra. Siste åra har vi hatt fleire kurs i regi av Statped. 

    Du kan lese meir om teikn til tale her: https://www.statped.no/globalassets/publikasjoner/tegn_til_tale.pdf

    Klipp fra nettressurs til Statped, eventyret om geitekillingen som kunne telle til ti:

  • Barnas verneombud

    Barnas verneombod i barnehagen.

    Gjennom satsinga Barnas verneombod har PBL i samarbeid med Stine Sofies stiftelse utvikla eit opplæringsprogram der vi har fått «utdanna» vår eigen Barnas verneombod i Prestebakken. Målet med dette arbeidet er førebygge, varsle og bidra til å hjelpe dei mest sårbare barna innanfor følgande tre områder: 

    • Vold, omsorgssvikt og seksuelle overgrep mot barn  
    • Barnehagemiljø, mobbing og krenkelsar  
    • Barn med behov for spesiell tilrettelegging 

    Barnas verneombod har vi praktisert sidan 2019, eit svært viktig arbeid. Å snakke med barn om kropp og grenser er noko av det viktigaste vi kan gjere, desse samtalen gjev barna kunnskap om kva vaksne har lov til, og kva vaksne ikkje har lov til å gjere med kroppen til barnet. Barnas verneombod har faste møter med barne gjennom året, der vi jobbar med. 

    Du kan lese meir om barnas verneombod her: https://www.pbl.no/bvo/

  • 0-toleranse for mobbing

    Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing. Om et barn opplever krenkelser eller mobbing, må barnehagen håndtere, stoppe og følge opp dette. Rammeplan for barnehager (2017) Barnehagen skal aktivt arbeide for å forebygge mobbing. Kvar går grensene, og når vert eit barn mobba er sentrale områder som vert drøfta. Dei vaksne sin tilstadeværelse i barnas liv for å rettleie, korrigere og hjelpe dei i situasjonar som er vanskelege er sentralt for å førebygge mobbing. Eit barn som vert plaga av andre barn eller av lite omtenksame vaksne, får redusert livskvalitet og kan utvikle negative mønster for samspel. 

  • Fiskesprell

    Fisk inneholder næringsstoff som vi finner lite av i annan mat, og som er viktig for barnas vekst og utvikling. I Prestebakken prøver vi ofte at varmmåltidet skal inneholde sunn og næringsrik mat, og fisk er mykje brukt. Det kan være feks. fersk fisk, fiskepinnar, laksetaco. Personalet har også delteke på det nasjonale prosjektet om Fiskesprell i barnehagen.

  • Å være ein praksisbarnehage for høgskulen vestlandet

    Barnehagen er fast praksisbarnehage for høgskulen på Vestlandet, avtalen er for kvar periode treårig og inneberer eit forpliktande samarbeid i utdanninga av barnehagelærarar. I løpet av året vil de og få helse på fleire studentar som kjem innom for å ha praksis. De vil og få helse på elevar frå Mo og Øyrane vidaregåande skule, dette er elevar som ynskjer å ta utdanning innanfor barne og ungdomsarbeidarfaget samt elevar frå ungdomsskulen som prøver seg litt i arbeidspraksis.

  • Barnehagens digitale praksis

    Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring. Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn. (Rammeplan for barnehagen, 2017)

  • Måltidet i barnehagen

    Måltidet i barnehagen er ein svært viktig pedagogisk arena og handlar om langt meir enn å tilby eit variert kosthold med sunn og god mat. Personalet si viktige rolle her handlar om å legge til rette for at måltidet og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskpsfølelse hos barna. Måltidet har fokus på sunne matvanar og er ein arena for læring og sosialt samspel.

  • Her er de barnehagene foreldrene er mest fornøyd med.

    Hipp hurra!

     I den årlige foreldreundersøkelsen i regi av Utdanningsdirektoratet kom Prestebakken barnehage blant dei 77  barnehagane i landet med toppscore 5.
    Eit godt arbeidsmiljo, dedikerte tilsette med ein genuin interesse for barns trivsel og utvikling er ein av suksessfaktorane for eit godt læringsmiljø der glede, omsorg, inkludering og varme er sentrale omgrep. Trygge barn og trygge tilsette gjev også det beste utgangspunkt for eit godt foreldresamarbeid
    Vi takkar foreldra våre for tilliten, det gjev oss glede og motivasjon til å halde fram det gode arbeidet i barnehagen vår.

     Takk!

  • Velkommen til oss

    Prestebakken barnehage er ein  privat barnehage, som ligg nydeleg til i Førde sentrum. Småbarnsavdelinga har eit eige uteområde, dei minste får her ro til å bli godt kjende og trygge i barnehagen. Dei litt større barna har eit stort flott uteområde som stimulerar til allsidig leik og motorisk utfolding. Vi har eit kompetent og godt kvalifisert personale som er med å skape eit aktivt og godt læringsmiljø for barna, der inkludering og venskap står sentralt i vår kvardag. Ta turen innom og hels på oss.

    <img class=»size-full wp-image-1023 alignleft» style=»clip-path: ellipse(55px 75px at 55px 75px); shape-outside: ellipse(55px 75px at 65px 75px);» src=»https://www.prestebakken.no/wp-content/uploads/2026/07/Ellen-Beate-1.webp\» alt=»» width=»110″ height=»150″ />