Kommunikasjon og språk

Å arbeide med barnas språkutvikling er eit viktig arbeide i kvardagen vår. Barnas evne til å bruke språket er avgjerande for barnets kommunikasjon med andre barn og vaksne, det handlar om å forstå og gjere seg forstått, barna set ord på erfaringar, dei fortel om viktige ting, og dei klarar etterkvart å reflektere i lag med andre barn og vaksne. Språk er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og venskap. På lengre sikt er språkutviklinga avgjerande for å kunne være ein deltakar i moderne demokrati og i eit kunnskaps og utdanningssamfunn. Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. I barnehagar for samiske barn i samiske distrikt skal barnehagen fremje den samiskspråklege kompetansen til barna. (Rammeplan, 2017) I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for kommunikasjon og språk i barnehagekvardagen.